Bokmål

Antiradikalisering

Saman med lokalt politi har Ullensvang kommune bestemt å ta i bruk denne rettleiaren. Rettleiaren er meint til å gje kunnskap om korleis me kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar, og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles. Målet med rettleiaren er at den skal vere eit oppslagsverk der ein kan tileigne seg kunnskap. Rettleiaren inneheld informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenker til relevante nettstader. Du vil og finne tips om uroteikn, avklaring og mogelege tiltak. Rettleiaren skildrar og eit handlingsløp; «frå uro til handling».

Kva er radikalisering og valdeleg ekstremisme?

Kva er radikalisering og valdeleg ekstremisme?

Ein må skilje mellom radikalisering og det å vere radikal. Å vere radikal kan brukast om det som er valdsamt og/eller i ytterkant. Ein snakkar mellom anna om radikale haldningar innanfor politikk, religion, etikk og kunst/kultur. Radikale personer, som til dømes Mahatma Ghandi, Nelson Mandela og Martin Luther King, er personar som blir omtalt i positive samanhengar.

Radikalisering

Radikalisering er ein prosess der ein person/gruppe i aukande grad aksepterer bruk av vald som verkemiddel for å nå politiske/ideologiske/religiøse mål.

Hatkriminalitet

Hatkriminalitet er kriminalitet som har rasistiske, framandendtlege eller homofobiske motiv, eller som på ein eller anna måte er grunngeve mot ein person eller gruppe.

Radikaliseringsprosessar

Radikaliseringsprosessar varierer frå person til person/gruppe til gruppe. Prosessane kan oppstå innanfor alle typar livssyn, kulturelle bakgrunnar og politiske retningar. Det skjer over kortare eller lengre tid, anten gradvis eller akutt.

Avradikalisering

Ein prosess som kan føre til at ein person i mindre grad aksepterer bruk av vald for å oppnå politiske/ideologiske/religiøse mål.

Utanforskap

Utanforskap, eller sosial eksklusjon, kan forståast som individuelle og strukturelle mekanismar eller barrierar for deltaking på ulike arenaer. Skilnadar i helse, utfordringar med rus, psykiske lidingar, låg deltaking i fritidsaktivitetar, prestasjonspress, skilnadar i økonomi, samt ulike moglegheiter for å følgje utdanningsløp og skaffe seg jobb, er eksempel på forhold som kan føre til utanforskap.

Nettekstremisme

Nettekstremisme er radikalisering og valdeleg ekstremisme på internett. Denne form for ekstremisme består i å fremje ekstreme ideologiar og ytringar på internett som kan rammast av straelova. Det er skilnad på hatefulle ytringar og hatkriminalitet. Men av og til fell desse to saman, for eksempel der meiningar kombinert med trugsmål.

Valdeleg ekstremisme

Valdeleg ekstremisme er aktiviteten til personar/grupper som er villig til å nytta vald for å nå sine politiske/ideologiske/religiøse mål.

Med ekstremisme meinast at ein 1) berre aksepterer eigne meiningar og 2) meiner det er legitimt å ty til vald for å få gennomslag for meiningane.

Uro - Kva skal me sjå etter?

Uro - Kva skal me sjå etter?

Her er nokre teikn på mogelege signal som kan gje uro. Isolert sett treng ikkje teikna under vere eit uttrykk for radikalisering. Det er viktig å vurdere teikna samla og ut frå personen sin totalsituasjon. Summen av uroteikn dannar grunnlag for uro.

Utsegn/Ytringar

  • Intoleranse for andre sine synspunkt
  • Fiendebilete - "oss og dei"
  • Konspirasjonsteoriar
  • Hatretorikk
  • Sympati for absolutte løysingar som avskaffing av demokrati o.l.
  • Legitimerer vald
  • Trugslar om vald for å nå politiske mål

Interesser/Utsjånad/Symbolbruk

  • Appellerer til og søkjer etter ekstremistisk materiale på internett
  • Åtferdsendring: Endrar utsjånad, klesdrakt, oppførsel osv.
  • Nyttar symbol knytt til ekstremistiske ideal og/eller organisasjonar
  • Sluttar på skule/arbeid/fritidsaktiviteter m.m.

Vener og sosiale nettverk

  • Endrar nettverk/omgangskrets
  • Omgås personar/grupper som er kjende for ekstremisme
  • Omgås grupper som utøver vald/trugslar/annan kriminell verksemd
  • Medlem i ekstremistiske grupper/nettverk/organisasjonar

Aktiviteter

  • Opptatt av ekstremisme på internett og sosiale media
  • Deltek på demonstrasjonar og valdelege samanstøytar med andre grupper
  • Bruker trugslar og vald som følge av ekstremisme
  • Hatkriminalitet
  • Reiseverksemd som kan føra til auka radikalisering og kontakt med ekstremistar
Mogelege risiko/vernande faktorar

Moglege risiko- og vernande faktorar

Ein risikofaktor kan definerast som «en hvilken som helst faktor hos individet eller i oppvekstmiljøet som kan assosieres med økt sannsynlighet for negativ psykososial utvikling i fremtiden». Ein vernande faktor er «en hvilken som helst faktor hos individet eller i oppvekstmiljøet som kan assosieres med redusert sannsynlighet for fremtidig negativ psykososial utvikling» (Nordahl, Gravrok, Knudsmoen, Larsen og Rørnes, 2005). Alle menneske er utsatt for både risiko- og vernande faktorar. Tabellen på neste side skildrar ei oversikt over risikofaktorar og vernande faktorar knytt til individ, familie, venner, skulen og nærmiljøet.

Risikofaktorar

Personlege

  • • Utanforskap
  • • Marginalisert/diskriminert
  • • Manglar/søkjer tilhøyrsle
  • • Skulerelaterte problem
  • • Manglar kunnskap
  • • Traumatiske opplevingar
  • • Søkande etter svar
  • • Individuell sårbarheit
  • • Betraktar seg sjølv som offer
  • • Manglar sjølvkontroll

Familiemessige

  • • Dårleg samspel i familien
  • • Foreldre som slit i foreldrerolla
  • • Sosiale problem i familien
  • • Psykiske problem i familien
  • • Rusmisbruk
  • • Fattigdom og/eller arbeidsløyse
  • • Vald eller annan omsorgssvikt
  • • Ekstreme sympatiar hos vener, familie eller slekt

Sosiale

  • • Låg sosial status
  • • Manglar/søkjer tilhøyrsle
  • • Marginalisert ungdom
  • • Opplevd diskriminering
  • • Negativ påverknad av vener
  • • Liten/ingen deltaking i sosiale fellesskap
  • • Arbeidsledig
  • • Livsstil som omfattar kriminalitet
  • • Utrygt nærmiljø

Motivasjon

  • • Tilbod om fellesskap
  • • Få aksept/ verte godteken
  • • Spenning
  • • Vern
  • • Ekstremistiske forbilde
  • • Føler at religion, kultur, land, nasjon mm. er under angrep

Ideologiske og kulturelle

  • • Politisk debatt - kulturell identitet
  • • Misnøye med sosial og økonomisk utrettferd
  • • Legitimering og rettferdiggjering av vald for å nå mål
  • • Sympati for absolutte løysingar som avskaffar demokrati
  • • Konspirasjonsteoriar
  • • Polariserande fiendebilete

Vernande faktorar

Personlege

  • • Reflektert ungdom
  • • Skuleflink
  • • Hobbyar eller aktiv i idrett
  • • Kjensle av å meistre
  • • Robust
  • • Oppleving av meining
  • • Sjølvtillit
  • • Livskvalitet
  • • God helse

Familiemessige

  • • Resurssterk familie
  • • Høg økonomisk status
  • • Støttande foreldre
  • • God kommunikasjon og godt samspel

Sosiale

  • • Positiv påverknad av vener
  • • Er i arbeid
  • • Går på skule
  • • Prososiale vener
  • • Deltaking i storsamfunnet
  • • Deltaking i organiserte og/eller uorganiserte aktivitetar
  • • Trygt nærmiljø

Motivasjon

  • • Bli møtt med konstruktiv dialog og inkludering
  • • Lytte til genuin uro
  • • Vise genuin omsorg og forståing for ulike faktiske problem
  • • Komme med konstruktive spørsmål som utfordrar ideologien

Ideologiske og kulturelle

  • • Forståing for demokrati, valfridom, toleranse og respekt for mangfald
  • • Kritisk til kjelder og informasjon
Eg er uroa - Kva gjer eg?

Eg er uroa - Kva gjer eg?

Privatpersonar / frivillege lag og organisasjonar/ privat næringsliv

Som medmenneske og samfunnsborgarar har me alle eit ansvar for å skape eit trygt nærmiljø, difor har me eit ansvar for å handle når me vert uroa. Korleis du handlar kjem an på konteksten. Om mogeleg bør du fyrst snakke med vedkommande. Er du ein privatperson som er uroa for ein ven, nabo, kollega, eller ein annan innbyggjar kan du gjere følgjande:

Ta uroa på alvor!

Tenk over kva du er uroleg for og ta ansvar for di uro!

Rådfør deg med fagfolk!

Bruk lokalt politi, tilsette i kommunen, PST, eller andre fagfolk dersom du framleis kjenner at du er uroa. Du kan sjølvsagt vere anonym.

Offentleg tilsette

Offentleg tilsette har plikt til å førebygge og avverje alvorlege lovbrot, herunder hatkriminalitet og valdeleg ekstremisme.

Ved uro for barn, ungdom, unge vaksne, vaksne eller eldre oppmodar me at du gjer følgjande:

1

Ta uroa på alvor

Tenk over kva du er uroleg for og gjer det som trengs for å redusere din eigen uro. Ta ansvar for uroa di!

Ansvarleg

Tilsette

2

Gå i dialog med den det gjeld (eventuelt foreldre)

Ver nysgjerrig og spør om kva som ligg bak endringane/utsegn/handlingane/haldningane. Kartlegg moglege teikn for uro. Drøft uroa med kollegaer/leiarar/politi (sjå «uro - Kva skal me sjå etter» på s.4).

Ansvarleg

Tilsette

3

Drøft uroa

Drøft uroa med leiinga og eventuelt med dei ressursane ein har tilgjengelege. Det vert avtalt kven som har hovudansvaret for å fylje opp uroa vidare.

Ansvarleg

Leiiinga ved verksemda/eininga

4

Meld uroa

Verksemda kan drøfte saka anonymt med barnevern og/eller politi. Det vert eventuelt sendt uromelding til barnevern og/eller politi.

Ansvarleg

Leiiinga ved verksemda/eininga

5

Urosamtale

Dersom fleire instansar er uroa for radikalisering, hatkriminalitet og ekstremisme kan politiet fylje opp med ein urosamtale med den unge og foreldra. Svært alvorleg uro vert meldt vidare til PST av lokalt politi.

Ansvarleg

Politiet, Barnevern, Føresette

6

Tverrfagleg samarbeid, oppfølging og vidare arbeid

Kven skal fylgje opp/koordinere arbeidet rundt ungdommen? Lag ein plan for å jobbe heilskapleg med den unge. Her har kommunane modellar som er i bruk.

Ansvarleg

Koordinator av plan, Aktørar på tvers av avdelingar/einingane

Kontaktinformasjon

Alarmtelefonen for Barn og Unge

116111